Facebook ikon Twitter logo Print side

Søre Fjell Tippen - Søre Fjell

Varsel om oppstart detaljreguleringsplan for massemottak på Søre Fjell Tippen, del av gnr. 56/5 og 9 m.fl. - Søre Fjell (PlanID: 20190004).

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Reguleringsplan

Ein reguleringsplan består av arealplankart med tilhøyrande føresegner og planskildring som viser bruk, vern og utforming av areal. Ein reguleringsplan fastsett framtidig arealbruk for området, og er ved kommunestyret sitt vedtak bindande for nye tiltak, eller utviding av eksisterande tiltak.

Tiltakshavar og konsulent

Torill Irene Fjell
Stracon AS

Planområdet

Planområdet ligg ved Krossleitet, Søre Fjell og utgjer om lag 153 daa. Areala har per i dag ulike nivå og grad av ferdigstilling til landbruksareal og plana tar for seg utviding ut i utmark, myr og kystlynghei.

Planstatus

Planområdet er i kommuneplanen avsett til LNF med omsynssone 540 – Omsyn grønstruktur H540_20: Fjellparken, samt funksjonell strandsone. Planen grensar i aust til ny plan for Fv 555 som er under handsaming.

Formålet med reguleringa

Hovudintensjonen med planen er å legge til rette for massemottak med tilrettelegging for maskinell jordbruksdrift ved sluttføring. Dette inneber ferdiggjering av dei areala som er nytta til massemottak i dag, samt regulere nytt areal for utviding av mottaket. Raud oval syner grovt aktuelt område for utviding.

Viktige tema som vil bli handsama i prosessen vil mellom anna være:

  • Utgreiing av naturmangfald
  • Kartlegging av naturtypar
  • Raudlista artar
  • Hjortetråkk
  • Sedimentutslepp i vassdrag og våg
  • Støv
  • Støy
  • Terrengtilpassing
  • Grønstruktur og friluftsliv
  • Risiko- og sårbarheitsanalyse

Planområdet vist i kartløysinga til kommunen finn du her

Merknader til reguleringsplanen?

Merknader og opplysningar som kan vera interessante for planarbeidet kan sendast til:
Stracon AS, Leirvikflaten 15b, 5179 Godvik.
Merknader kan også sendast på e-post til: post@stracon.no

Merkast: "7210 – Detaljregulering Søre Fjell tippen"

Alle mottekne dokument, merknadar og liknande vil følgja planforslaget når planen vert sendt til kommunen for behandling.

Merknadsfrist

Frist for å komma med merknader er sett til 08.11.19.

Vidare saksgong

Alle merknadar som vert sendt inn skal vurderast av forslagstillar. Etter at meldingsfristen er gått ut vil sjølve planframlegget bli utarbeidd, for deretter å bli sendt til Fjell kommune for vurdering og saksbehandling.

Etter første gongs handsaming i komité for plan og utvikling, vert planen sendt på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn i minst seks veker. Det vil då vera mogleg å komma med merknader til planframlegget før vidare politisk behandling. Heile planprosessen kan følgjast via postlistene til Fjell kommune. Søk etter saksnr. 2019/2723 her


Sist endret: 04.10.2019