Facebook ikon Twitter logo Print side

Steingardsvegen - Landro

Offentleg ettersyn av detaljreguleringsplan for Steingardsvegen gnr. 24, bnr. 162, 163, 311 mfl. - Landro (planID: 20170002).

Komité for plan og utvikling i Fjell kommune har i møte 04.06.2019 i sak 57/19 i KPU, godkjent at framlegg til detaljregulering for Steingardsvegen gnr. 24, bnr. 162, 163, 311 mfl. - Landro (PlanID: 20170002), vert lagt ut til offentleg ettersyn i samsvar med §12-10 i plan- og bygningslova.

Føremålet med planarbeidet er å leggja til rette for oppføring av maks 10 nye bustadeiningar i form av småhus, med tilhøyrande leike- og uteopphaldsareal, og infrastruktur.

Dokument

Offentleg ettersyn

Planen er lagt ut til offentleg ettersyn i servicetorget på rådhuset og Fjell folkeboksamling på Straume i tida 10.juli til 28.august 2019.

Merknader

Eventuelle merknader til planframlegget kan sendast til: postmottak@fjell.kommune.no, som brev til Fjell kommune v/ Plan- og eigedomssjefen, postboks 184, 5342 Straume eller ved å bruka elektronisk skjema, innan 28. august 2019.

Elektronisk skjema


Sist endret: 04.07.2019