Facebook ikon Twitter logo Print side

Vestrepollen - Nordre Bjorøyna

Varsel om utviding av reguleringsplangrense.

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Reguleringsplan

Ein reguleringsplan består av arealplankart med tilhøyrande føresegner og planskildring som viser bruk, vern og utforming av areal. Ein reguleringsplan fastsett framtidig arealbruk for området, og er ved kommunestyret sitt vedtak bindande for nye tiltak, eller utviding av eksisterande tiltak.

Forslagstillar og konsulent

Bjorøy Marina AS er forslagsstillar.
Asplan Viak AS er konsulent for reguleringsplanarbeidet.

Planområdet

Justert planområde omfattar areal som i gjeldande arealdel av kommuneplan for Fjell 2015-
2026 (KPA) har krav om felles planlegging (H 810_2), sjå svart stipla linje på figuren, og utvida
areal som dels er avsett til bustadføremål og dels LNF føremål. Delar av arealet ligg innanfor funksjonell strandsone. Heile planområdet er omfatta av gul støysone (flystøy).

Kart

Planområdet vist i kartløysinga til kommunen finn du her.

Kart over planområdet

Formålet med reguleringa

Føremålet med planarbeidet er å regulere for bustad, fritid- og turistretta næringsverksemd (utleigebygg), småbåthamn og anna sjøretta verksemd i og rundt Vestrepollen. Bakgrunnen for utviding av plangrensa er at eigarane av gnr. 50 bnr. 30, 447, 514, 515 og 528 går inn som part i planarbeidet framfor å fremme eigen plan for sine eigedomar. Utvidinga av plangrensa er mot nord, og omfattar gnr. 50, bnr. 447, 515, 528 og del av bnr. 30. Kartet viser utvida planavgrense med blåstipla linje. Plangrensa som blei varsla 13.09.2017 er vist med svart linje. Planområdet blir utvida med 32 daa til 146 daa. Areal innanfor plangrensa vil bli regulert i samsvar
med overordna plan. Planprosessen vil vise om det er naudsynt å endre arealbruken for delar av planområdet. Plangrensa er sett romsleg og kan bli justert før innsending av endeleg planframlegg.

Merknader til oppstartsmeldinga

Dette brev er sendt til grunneigarar, naboar og offentlege høyringsinstansar som blir omfatta av utvidinga. Merknadar med opplysningar eller forslag som kan ha innverknad på planarbeidet bør kome fram så tidleg som råd er. Merknader som er sendt inn ved tidlegare oppstartsvarsel er registrert, og treng ikkje sendast på nytt.

Merknader og opplysningar som kan vera interessante for planarbeidet kan sendast til:
Asplan Viak AS,
Postboks 2304, Solheimsviken,
5824 Bergen
Merknader kan også sendast på e-post til: helene.helland@asplanviak.no

Alle mottekne dokument, merknadar og liknande vil følgja planforslaget når planen vert sendt til kommunen for behandling.

Merknadsfrist

Frist for å komma med merknader er sett til 11. oktober 2019.

Vidare saksgong

Alle merknadar som vert sendt inn skal vurderast av forslagstillar. Etter at meldingsfristen er gått ut vil sjølve planframlegget bli utarbeidd, for deretter å bli sendt til Fjell kommune for vurdering og saksbehandling.

Etter første gongs handsaming i komité for plan og utvikling, vert planen sendt på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn i minst seks veker. Det vil då vera mogleg å komma med merknader til planframlegget før vidare politisk behandling.
Heile planprosessen kan følgjast via postlistene til Fjell kommune. Saksnummer: 17/3101


Sist endret: 29.08.2019