Facebook ikon Twitter logo Print side

Digital utsending av post

Fjell kommune vil frå 01.01.2016 senda ut post digitalt til Altinn eller din Digitale postkasse.

Dette er ei oppfølging av vedtak i Stortinget som inneber at stat og kommune skal gå over til å kommunisera med innbyggjarar og næringsliv på nett i staden for papir. 230 kommunar i Norge har allereie tatt i bruk ein slik løysing.

Med digital postkasse får du samla post frå det offentlege på ein plass og på ein trygg måte, samstundes som dette vil effektivisera saksbehandlinga. Du kan lagra posten så lenge du ønskjer. Det er gratis å oppretta og bruka postkassa, og du bidreg òg til å spare miljøet!

Det er mange om allereie har skaffa seg digital postkasse. Har du ikkje gjort
dette enno, så er framgangsmåten enkel: Du kan velja mellom to postkassar; Digipost eller e-Boks. Postkassane er likestilte, og begge tilfredsstiller strenge krav til tryggleik.

DU kan reservera deg mot å få post digitalt. Du vil då få tilsendt post som før på papir.

Lurer du på noko?

Du finn informasjon om postkassane og reservasjonsmoglegheiter på sida: www.norge.no


Publisert: 04.05.2016 12:04
Sist endret: 04.05.2016 12:05
Rådhus

Besøksadresse:

Foldnesvegen 1
5354 Straume

Posadresse:

Postboks 184
5342 Straume

Telefon: 55 09 60 00