Facebook ikon Twitter logo Print side

Eigedomsskattelista for 2018

Kommunestyret vedtok i møte 14.12.2017 med heimel i eigedomsskattelova §§ 2 og 3, første ledd, bokstav d, eigedomsskatt for 2018.

Satsen er av kommunestyret sett til 2,0 promille av takstgrunnlag. Takstgrunnlaget er vedteke i takstnemnda for eigedomsskatt (sakkunnig nemnd). Kommunestyret har vedteke at skattetaksten for eigedommane skal vere 65 % av den takserte marknadsverdien og at eigedomsskatten vert krevd inn i to terminar med forfall 20.07 og 20.12.

Dei som er omfatta av ordninga vil motta ein skatteseddel med informasjon om takstgrunnlag, skattegrunnlag og utskriven eigedomsskatt for 2018 samt opplysningar om klagerett.

Eigedomsskatten for 2018 er no utskriven, jfr § 14, og eigedomsskattelista er lagt ut til offentleg gjennomsyn, jfr § 15 i eigedomsskattelova. Stattelista består av ei hovudliste der alle skattelagde eigedommar er ført opp saman med skattegrunnlag, skattesats og utskriven skatt. I tillegg er det ei liste med alle eigedommar som er fritekne for eigedomsskatt.

Dokument

Skattelista ligg ute fram til 06.04.2018. Minstesum for utskriving av eigedomsskatt er av kommunestyret vedteke til kr. 200,-. Skattelista er i tillegg til den elektroniske lagt ut i papirutgåve på Fjell Rådhus.

Skatteytar kan klage på¨den utskrivne eigedomsskatten, jfr § 19 i eigedomsskattelova. Klagefrist er sett til 20.04.2018.

Spørsmål om eigedomsskatt og skattelista kan rettast til:
Fjell kommune, eigedomsskattekontoret, Postboks 184, 5342 Straume. Besøksadresse: Fjell rådhus v/Heine Kleppe. Epost: heine.kleppe@fjell.kommune.no


Publisert: 23.02.2018 11:50
Sist endret: 23.02.2018 11:55