Facebook ikon Twitter logo Print side

Eigedomsskattelista

Eigedomsskattelista lagt ut til offentleg gjennomsyn

Fjell kommune har innført eigedomsskatt på verk og bruk og annan næringseigedom frå 01.01.2016 med heimel i eigedomsskattelova §§ 2 og 3, første ledd, bokstav d. Dei som er omfatta av ordninga vil motta ein skatteseddel med informasjon om takstgrunnlag, skattegrunnlag og utskriven eigedomsskatt for 2016 og opplysningar om klagerett.

Eigedomsskatten er no utskriven, jfr § 14, og eigedomsskattelista er lagt ut til offentleg gjennomsyn, jfr § 15 i lova. Skattelista består av ei hovudliste der alle skattelagde eigedommar er ført opp saman med skattegrunnlag, skattesats og utskriven skatt. I tillegg er det ei liste med alle eigedommar som er fritekne for eigedomsskatt.

Dokument:

  • Utleggsliste
  • Fritak 

Skattelista ligg ute fram til 20. mai 2016. Minstesum for utskriving av eigedomsskatt er av kommunestyret vedteke til kr 200,-. Skattelista er lagt ut på Fjell rådhus og Fjell folkeboksamling på Sartor Senter.

Skatteytar kan klaga på den utskrivne eigedomsskatten, jfr § 19. Klagefrist er sett til 6. juni 2016.

Spørsmål om eigedomsskatt og skattelista kan rettast til:
Fjell kommune, eigedomsskattekontoret, Postboks 184, 5342 Straume. Besøksadresse: Fjell rådhus v/prosjektleiar Heine Kleppe, tlf 55097093. Epost: heine.kleppe@fjell.kommune.no


Publisert: 04.05.2016 11:59
Sist endret: 04.05.2016 12:00
Rådhus

Besøksadresse:

Foldnesvegen 1
5354 Straume

Posadresse:

Postboks 184
5342 Straume

Telefon: 55 09 60 00