Facebook ikon Twitter logo Print side

Eigedomsskattelista

Eigedomsskatten for 2017 er utskriven og eigedomsskattelista er lagt ut til offentleg gjennomsyn.

Fjell kommune har vedteke eigedomsskatt på verk og bruk og annan næringseigedom i 2017 med heimel i eigedomsskattelova §§ 2 og 3, første ledd, bokstav d.

Eigedomsskatten for 2017 er no utskriven, jfr § 14, og eigedomsskattelista er lagt ut til offentleg gjennomsyn, jfr § 15 i lova. Skattelista består av ei hovudliste der alle skattelagde eigedommar er ført opp saman med skattegrunnlag, skattesats og utskriven skatt. I tillegg er det ei liste med alle eigedommar som er fritekne for eigedomsskatt. Skattelista ligg ute fram til 22. mars 2017. Minstesum for utskriving av eigedomsskatt er av kommunestyret vedteke til kr 200,-. Skattelista er lagt ut på Fjell rådhus og Fjell folkebibliotek på Sartor Senter og på denne sida.

Dei som er omfatta av ordninga vil motta ein skatteseddel med informasjon om takstgrunnlag, skattegrunnlag og utskriven eigedomsskatt for 2017 samt opplysningar om klagerett.

Dokument:

Skatteytar kan klage på den utskrivne eigedomsskatten, jfr § 19. Klagefrist er sett til 12. april 2017.

Spørsmål vedkommande eigedomsskatt og skattelista kan rettast til:

Fjell kommune, eigedomsskattekontoret, Postboks 184, 5342 Straume. Besøksadresse: Fjell rådhus v/ Heine Kleppe, tlf 55097093. Epost: heine.kleppe@fjell.kommune.no


Publisert: 28.02.2017 12:25
Sist endret: 28.02.2017 12:31