For 2017 er gebyret fastsett til kr. 600,- eks moms (kr. 750,- inkl. moms) for bustader med ein skorstein. Gebyret dekker kommunen sine utgifter til feietenesta.
Sotra Brannvern som er ansvarleg for feietenesta i Fjell kommune har i haust teke i bruk eit nytt administrativt system for feietenesta. Systemet er matrikkelbasert og produserer fakturagrunnlaget for dei rekningane Fjell kommune sender ut.
Fakturaen vert sendt til den som er registrert som eigar i matrikkelen. Dersom det er fleire eigarar går den til den som har høgast alder.
Dersom du har spørsmål knytt til kven som er fakturamottakar eller kor tid feiing eller brannsyn har vore eller skal utførast ta kontakt med Sotra Brannvern på telefon 56 33 40 10.
Dersom du har andre spørsmål knytt til fakturaen ta kontakt med Fjell kommune, økonomiavdelinga på epost postmottak@fjell.kommune.no
eller på telefon 55 09 60 00
Dersom du ønskjer å opprette avtale om autogiro, e-faktura osv. gjer du dette i nettbanken.
Foto: Colourbox
Sist endret: 20.12.2017