Facebook ikon Twitter logo Print side

Ferietilskot til menneske med nedsett funksjonsevne

Fjell kommune har i 2018 midlar til ferietilskot til personar med nedsett funksjonsevne.

Ferietilskot til menneske med nedsett funksjonsevne

Ferietilskot kan ytast til personar i Fjell kommune som på grunn av si funksjonshemming er avhengig av følgje til ferie/turar, eller treng eventuell anna særskilt tilrettelegging for å ta ferie.

Ferietilskotet er tenkt å bidra til dekkja kostnader for følgjeperson, og er ikkje eit lønstilskot.

I søknaden må det gå fram kva ein konkret søkjer på.

Det vert gjort ei skjønnsmessig vurdering av søknaden, og det er ingen klagerett på vedtaket.

Ein kan søkja om ei økonomisk støtte på inntil 5000 kroner årleg.

Søknad sendast på e-post til postmottak@fjell.kommune.no merk med Støttetiltak for menneske med nedsett funksjonsevne.

Søknadsfrist: 15.06.2018.


Publisert: 11.05.2018 08:26
Sist endret: 11.05.2018 08:31