Facebook ikon Twitter logo Print side

Folkemøte - kartlegging av friluftsområde

Velkomen til folkemøte tysdag 11. oktober 2016 i Kultursalen på Fjell rådhus.

Fjell kommune ønskjer hjelp frå friluftsinteresserte innbyggjarar for å auke kunnskapen om område nytta til friluftslivsføremål i kommunen. Med denne kunnskapen kan kommunen betre verne om areal for friluftsliv og sikre at befolkninga har moglegheit til å drive eit variert friluftsliv, både i nærmiljøet og i naturen elles.

Fjell kommune har i samarbeid med Bergen og Omland Friluftsråd (BOF) og Hordaland Fylkeskommune starta eit prosjekt som har som mål å kartlegge alle friluftslivsområda i kommunen. Det er eit nasjonalt mål at alle kommunar i Norge skal kartlegge sine friluftslivsområde før 2018. I Hordaland er det 16 kommunar som no er i gang med dette arbeidet. Fjell kommune er ein kommune i vekst, og kartlegginga vil vere eit viktig kunnskapsgrunnlag i arealplanlegging når viktige avgjersle skal takast.

Kjennskapen til dei største og mest kjente friluftslivsområda i Fjell er allereie god, men prosjektgruppa ønskjer òg å kartlegge dei mindre og meir ukjente områda.

Det avhaldas difor folkemøte den tysdag 11. oktober 2016 i Kultursalen på Fjell rådhus kl. 18.00 - 21.00.

Kvar innbyggjarane kan komme med innspel til kartlegginga. Vi i prosjektgruppa veit at folk sitt med enorm kunnskap om friluftslivet i Fjell kommune, og håper at flest mogleg tek seg tid slik at den endelege kartlegginga blir så grundig som råd.

Fotogalleri av noen friluftsområder i Fjell


Publisert: 19.09.2016 00:00
Sist endret: 16.09.2016 13:05