Facebook ikon Twitter logo Print side

Forslag til ny politivedtekt for Fjell kommune

Formannskapet i Fjell kommune har 06.12.2017 i sak 63/17 vedteke å sende forslag til ny forskrift om politivedtekt for Fjell kommune ut på høyring.

Lov om politiet (politiloven) av 4. august 1995 nr. 53, § 14 gir kommunane heimel til å fastsetje lokal forskrift om politivedtekt. Vedtektene skal vedtakast av Fjell kommunestyre og stadfestast av Politidirektoratet før dei trer i kraft.

Gjeldande politivedtekt for Fjell kommune vart vedteken av Fjell kommunestyre i 2006, med siste endring i 2013.

I Fjell kommune har det skjedd ei auke i sentrumsaktivitet på dag- og kveldstid, som har gjort det naudsynt med revisjon av politivedtektene, slik at dei i større grad er tilpassa samfunnsutviklinga i kommunen.

Offentlege og private får høve til å uttale seg om forskrifta før den blir vedteken. Formannskapet vil særskilt ha uttale vedkommande behovet for tiggarforbod, og eventuelt omfanget av det.

Dokument

Uttale eller merknader til høyringsforslaget vert sendt skriftleg til kommunen på e-post postmottak@fjell.kommune.no, alternativt per post til Fjell kommune, postboks 184, 5342 Straume, innan 27.04.2018. Høyringssvar må merkast med «Høyringsuttale til forslag til ny forskrift om politivedtekt for Fjell kommune».

Elektronisk skjema


Publisert: 27.02.2018 05:00
Sist endret: 23.02.2018 08:07