Facebook ikon Twitter logo Print side

Fotografering av kommunale vegar

Samferdsleavdelinga i Fjell kommune har engasjert Safe Control for fotografering av det kommunale vegnettet. Fotograferinga startar no i påska.

Safe Control har eigen registreringsbil som tar 360° panoramabilete kvar femte meter på vegen. Samtidig vert GPS-posisjon registrert med høgde og ei rekkje andre posisjoneringsdata.

Vegbilete skal brukast til forvaltning av vegnettet, og bilete må takast når det er bart, opphaldsvêr og dagslys.

Fotografering vert utført med ein liknande bil.


Publisert: 28.03.2017 05:00
Sist endret: 23.03.2017 08:15