Facebook ikon Twitter logo Print side

Frivillig innsats for eldre i Fjell

Høyringsnotat om frivillig innsats for eldre i Fjell

Plan for utvikling av ny eldrepolitikk i Fjell er omtalt i plandokumentet «Sjef i eige liv».
Her vert det peika på at folk, også ved sjukdom og funksjonssvikt, kan leva sjølvstendige liv i eigen heim. Hjelparar på vegen mot dette målet er personen sjølv, kommunen, frivillige og private aktørar.

Høyringsnotatet kjem som eit resultat av at frivillig innsats for eldre i Fjell no er sett på dagsorden. Notatet og prosessen det byggjer på er vorten til i eit nært samarbeid mellom Nasjonalt Verdighetsenter i Bergen og Fjell kommune v/omsorgssjefen.

Målet har vore å utvikla ein modell for eit berekraftig samarbeid mellom frivillig sektor og kommunen si omsorgsteneste til glede og nytte for så vel eldre som frivillige og tilsette. Tanken har vore at modellen også kan vera til hjelp for andre kommunar som vil satsa på dette feltet. Notatet handlar om frivillig innsats i dag, men mest om tilrettelegging for slik innsats i framtida.

Målgruppa for dokumentet er i første rekkje politiske organ i kommunen, eldrerådet, leiarar og tilsette i kommunen, frivillige organisasjonar og andre frivillige. Tiltaka i høyringsnotatet vil i første omgang koma eldre til gode, seinare vil andre grupper også nyta godt av tiltaka.

Dokument:

Kommentarar kan sendast Fjell kommune innan 3. mars 2017. Innspel og forslag til høringsnotat skal helst sendast via elektronisk skjema.

Elektronisk skjema 

Ein kan også senda innspela som brev til:
Fjell kommune
Postboks 184
5342 Straume
Merkast med: saksnr. 2017/1240

Etter at kommunen har motteke kommentarar til høyringsnotatet, vil dokumentet verta justert og så fremja som sak til kommunestyret. Kommentarane vil følgja saka. Det endelege dokumentet vil også verta trykt opp og gjort tilgjengeleg for interesserte.


Publisert: 03.02.2017 13:06
Sist endret: 03.02.2017 13:18