Facebook ikon Twitter logo Print side

Gratis HPV-vaksine

Gratis HPV-vaksine til kvinner fødd 1991 - 1996.

Infeksjon med humant papillomavirus (HPV) er svært vanleg blant personar som er seksuelt aktive. Kvinner som får ein vedvarande HPVinfeksjon, kan på sikt utvikla livmorhalskreft. Kvart år får om lag 300 kvinner i Norge livmorhalskreft og 65-100 dør av sjukdomen. HPV-vaksine kan gje vern også hjå dei som har debutert seksuelt. Difor vert det tilrådd å gje HPV-vaksine til alle unge kvinner som ikkje tidligare er vaksinerte.

Frå november 2016 kan kvinner fødd 1991 - 1996 få gratis HPV-vaksine. Tilbodet er mellombels og varer i ein to-årsperiode frå hausten 2016. Vaksinasjonen er samansett av tre vaksinedosar gjevne i løpet av 6-12 månader og må difor startast opp innan utgangen av 2018.

I Fjell kommune vert vaksinane gjevne på legevakta. Du møta direkte på legevakta måndag-torsdag for vaksinering mellom klokka 09.00 og 21.00. Du treng ikkje å bestilla time på førehand.

Hugs at du må ha med gyldig legitimasjon. For spørsmål om vaksineringa kan du ringja telefon 56 31 43 74.


Publisert: 03.01.2017 10:30
Sist endret: 30.10.2017 10:02