Facebook ikon Twitter logo Print side

Handlingsplan for energi, miljø og klima 2018-2020

Høyring / offentleg ettersyn av Handlingsplan for energi, miljø og klima 2018-2020.

Komité for drift og forvaltning (KDF) vedtok 05.06.2018 å leggja framlegg til Handlingsplan (HP) for energi, miljø og klima 2018-2020 ut på høyring og offentleg ettersyn i åtte veker. Høyingsperioden vert f.o.m. 11. juni t.o.m. 5. august 2018.

Handlingsplan (HP) for energi, miljø og klima 2018-2020 erstattar gjeldande Kommunedelplan (KDP) for energi, miljø og klima 2009-2012. Tematisk er handlingsplanen ei vidareføring av tidlegare plan, men med auka fokus på energibruk, klimagassutslepp og klimatilpassing. Hovudmål og delmål for HP for energi, miljø og klima er i tråd med Noreg sine klimamål på mellomlang sikt (2030), forankra i Klimalova.

Uttale til planen

Planutkast med vedlegg er å finna under Dokument. Planutkast vil òg vera tilgjengeleg ved Fjell folkeboksamling (Sartor senter) og Servicetorget i rådhuset.

Uttale til planen merkast med saksnr. 17/586 og sendast til:

  • å fylla ut elektronisk skjema
  • å senda brev til: Fjellkommune v/Plan- og utbyggingssjefen, Postboks 184, 5342 STRAUME
  • å senda e-post til postmottak@fjell.kommune.no

Elektronisk skjema

Fjell kommune inviterer til ope møte om planen 27. juni, kl. 18.00-19.00 i Fjell folkeboksamling.

Dokument


Publisert: 11.06.2018 05:00
Sist endret: 08.06.2018 13:16