Facebook ikon Twitter logo Print side

Høyring: Lokal forskrift om fartsavgrensing i sjø

Offentleg ettersyn for lokal fartsforskrift til sjøs i Fjell kommune i perioden 14.02.-18.04.2017.

Komitè for Plan- og utvikling har i møte 07.02.2017 vedteke å legge framlegg til lokal fartsforskrift til sjøs ut til offentleg ettersyn. Forskrifta har heimel i «Forskrift om fartsbegrensninger i sjø, elv og innsjø» § 4, 1 ledd jf Havne- og farvannsloven § 13.

Høyringsdokumenta vert lagt ut til offentleg ettersyn i Servicetorget i Fjell rådhus og Fjell folkeboksamling på Straume.

Dokument

Framleggsperiode

Framlegg til lokal fartsforskrift til sjøs i Fjell kommune er på høyring / offentleg ettersyn i perioden 14.02. – 18.04.2017.

Høyringsinnspel skal vera skriftleg, og merkast med saksnr. 2017/192.

Merknader

Eventuelle merknader kan sendast til:
postmottak@fjell.kommune.no eller til
Fjell kommune, Postboks 184, 5342 Straume.

Spørsmål kan rettast til Erik Schult på e-post erik.Schult@fjell.kommune.no


Publisert: 14.02.2017 11:44
Sist endret: 14.02.2017 11:52