Facebook ikon Twitter logo Print side

Kartlegging av friluftslivsområde

Fjell kommune, Bergen og Omland Friluftsråd (BOF) og Hordaland Fylkeskommune er snart ferdig med eit prosjekt som har som mål å kartlegge alle friluftslivsområda i kommunen.

Kartlegging av friluftsområde i Fjell kommune

Fjell kommune er nå snart, i samarbeid med Bergen og Omland Friluftsråd (BOF) og Hordaland Fylkeskommune ferdig med eit prosjekt som har som mål å kartlegge alle friluftslivsområda i kommunen.

Målet med prosjektet er å lage eit temakart som skal auke kunnskapen om område nytta til friluftslivsføremål i kommunen, slik at kommunen betre kan verne om areal for friluftsliv og sikre at alle i befolkninga har moglegheit til å drive eit variert friluftsliv, både i nærmiljøet og i naturen elles.

Etter mykje hjelp frå innbyggjarar med lokal kunnskap som via spørjeskjema har registrert sine friluftslivsområde, deltatt på folkemøter og kome med innspel, har prosjektgruppa laga eit temakart. Vi vil fortsatt ha innspel om kartet. Vi i prosjektgruppa ynskjer at den endelege kartlegginga blir så grundig som råd. Det vil vere opent for å kome med siste innspel i 2 veker før prosjektet blir avslutta.

For å lese meir om prosjektet, gå inn på Miljødirektoratets sider

Frist for innspel er fredag 23. desember 2016.

Dokument

Kart over kartlagte områder med verdi
Områdebeskrivelse

Innspel

Innspel vert å senda til iselin.tingvatn@fjell.kommune.no

Kontakt

Ved spørsmål ta kontakt med Marianne R. Jetmundsen (BOF) på telefon 920 61 634.


Publisert: 12.12.2016 07:45
Sist endret: 12.12.2016 07:49