Facebook ikon Twitter logo Print side

Kommunedelplan for trafikksikring 2017-2020

Melding om høyring/offentleg ettersyn

Komité for drift og forvaltning vedtok i møte 07/06-16 at kommunedelplan for trafikksikring 2017-2020 vert lagt ut til høyring og offentleg ettersyn i 12 veker. Komiteen vedtok også planprogrammet, og at forventa 9.5 millionar i statleg tiltakspakke skal nyttast til trafikksikring.

Kommunedelplan for trafikksikring 2017-2020 (TS-planen) er ei rullering av TS-plan 2013-2016/2020. Tekstdelen inneheld mindre endringar, medan handlingsdelen er revidert.

Formålet med planen er å leggja grunnlaget for målretta og systematisk trafikksikringsarbeid på lokalplanet. Det er sett av sju millionar kroner årleg til trafikksikring i investeringsprogrammet for Fjell for åra 2016 til 2019. I planen er det føreslått ei prioritering av desse midlane. Midlane vert fordelte på konkrete tiltak på det kommunale vegnettet, i tillegg til førebyggjande og haldningsskapande arbeid. Det står att nokre tiltak med midlar frå førre planperiode. Desse vert vidareførte i ny planperiode.

Planen føreslår å setja av 100 000 kroner i året til førebyggande og haldningsskapande arbeid. Skular, barnehagar, lag og organisasjonar kan søkja om tilskot til arrangement, materiell eller ulike trafikkopplæringsprosjekt. Det vert òg føreslått å arrangera ein årleg trafikksikringsdag i kommune, i samband med m.a. skulane .

TS-planen legg også fram ei liste over naudsynte tiltak på fylkesvegane. Det er Hordaland fylkeskommune og Statens vegvesen som har ansvaret for fylkesvegane. Lista må leggjast til grunn når fylkeskommunen og Vegvesenet prioriterer og budsjetterer vegprosjekt og trafikksikringstiltak. Det må arbeidast både politisk og administrativt for å få prioritert arbeid på vegnettet i Fjell.

Planframlegget er tilgjengeleg i høyringsperioden 09.07.2016 – 01.09.2016.

Ved Servicetorget i Fjell Rådhus
Ved Fjell folkebiblioteksamling
Ein finn også alle relevante dokument her:

Politisk sak med vedtak
Framlegg til trafikksikringsplan
Innspel-KDP-traffiksikring17-20
Innspelmatrise med kartref 
Temakart innspel til KDP for trafikksikring 2017-2020 
Status på tiltak i førre planperiode 
Temakart GS-vegar og fortau 
Tilstandsvurdering 2016 
Farleg skuleveg 2016 m.kostnad

Merknadar til planen kan sendast innan 01. september 2016 til:

Kontaktinformasjon

Plan- og utbyggingssjefen v/Samfunnsplanleggjar
Marit Selberg Sigurdson, e-post: marit.sigurdson@fjell.kommune.no


Publisert: 09.06.2016 13:32
Sist endret: 15.06.2016 13:34
Rådhus

Besøksadresse:

Foldnesvegen 1
5354 Straume

Posadresse:

Postboks 184
5342 Straume

Telefon: 55 09 60 00