Facebook ikon Twitter logo Print side

Kommuneplan sin handlingsdel, økonomiplan og årsbudsjett 2017-2020

Kommuneplan sin handlingsdel 2017-2020 med, økonomiplan 2017-2020 og årsbudsjett 2017.

vert i medhald av Plan- og bygningslova § 11-1, og Kommunelova § 44, pkt. 7 og § 45, pkt. 3, lagt ut til offentleg høyring.

Framlegg frå partigrupper til årsbudsjett, økonomiplan og kommunen sin handlingsdel vil gå fram av formannskapet si møtebok frå møte 09.11.2016.

Detaljerte gebyr- og betalingssatsar går fram av økonomiplanen.

Lag, organisasjonar og privatpersonar kan sende inn merknader til framlegget innen fredag 2. desember 2016.

Elektronisk skjema

Alternativt til: Fjell kommune, Postboks 184, 5342 STRAUME

Dokument

Vidare vert endringar i Forskrift om vass og avløpsgebyr for Fjell kommune i medhald av lov om kommunale vass- og avløpsanlegg § 5 lagt ut til offentleg høyring med same frist som over:

Sakene skal til ny behandling i komité for drift og forvaltning 06.12.16 før saka vert endeleg vedteke i kommunestyret sitt møte 15.12.16.

Dokumenta er lagt til gjennomsyn på Folkeboksamlinga, Straume og i servicetorget Fjell rådhus frå og med tysdag 15.11.16.


Publisert: 15.11.2016 05:00
Sist endret: 17.11.2016 14:48