Facebook ikon Twitter logo Print side

Kommuneplanen sin handlingsdel med økonomiplan og årsbudsjett

Offentleg ettersyn for kommuneplanen sin handlingsdel 2018-2021, økonomiplan 2018-2021 og årsbudsjett 2018.

vert i medhald av Plan- og bygningslova § 11-1, og Kommunelova § 44, pkt. 7 og
§ 45, pkt. 3, lagt ut til offentleg høyring.

Framlegg frå partigrupper til årsbudsjett, økonomiplan og kommunen sin handlingsdel vil gå fram av formannskapet si møtebok frå møte 08.11.2017.

Framlegg til auke i gebyr- og betalingssatsar går fram av detaljert oversikt i årsbudsjett for 2018.

Dokument

Lag, organisasjonar og privatpersonar kan sende inn merknader til framlegget innan:
Fredag 1. desember 2017 - Årsbudsjett 2018 og økonomiplan 2018-2021.
Laurdag 9. desember 2017 - Kommuneplanen sin handlingsdel 2018-2021

* Nytt framlegg til tekst i Gebyrreglementet for Fjell kommune, kap. 5.9 Seksjonering. Bakgrunnen for endringa er at prismodellen for seksjonering skal endrast frå å vere basert på rettsgebyr til å basere seg på¨sjølvkostprinsippet. Dette skuldast ei endring i oppmålingsloven som får verknad frå 01.01.2018.

Elektronisk skjema

Alternativt til: Fjell kommune, Postboks 184, 5342 Straume

Saka skal til ny handsaming i komité for drift og forvaltning 05.12.17 før saka vert endeleg vedteke i kommunestyret sitt møte 14.12.17.

Dokumenta er lagt ut til gjennomsyn på Folkeboksamlinga, Straume og i servicetorget Fjell rådhus frå og med måndag 13.11.17. 

Fjell kommune, 9. november 2017.
Marianne Sandahl Bjorøy
ordførar


Publisert: 09.11.2017 10:51
Sist endret: 09.11.2017 11:31