Facebook ikon Twitter logo Print side

Kommuneplanen sin handlingsdel med økonomiplan og årsbudsjett

Offentleg ettersyn for kommuneplanen sin handlingsdel 2019-2022, økonomiplan 2019-2022 og årsbudsjett 2019.

vert i medhald av Plan- og bygningslova § 11-1, og Kommunelova § 44, pkt. 7 og
§ 45, pkt. 3, lagt ut til offentleg høyring.

Framlegg frå partigrupper til årsbudsjett, økonomiplan og kommunen sin handlingsdel vil gå fram av formannskapet si møtebok frå møte 07.11.2018.

Framlegg til auke i gebyr- og betalingssatsar går fram av detaljert oversikt i årsbudsjett for 2019.

Dokument

Dei lag, organisasjonar og privatpersonar, som har merknader til framlegget, må senda skriftleg melding innan:
Fredag 30.11.18 – Årsbudsjett for drift og investering 2019 og Økonomiplan 2019-2022.
Fredag 07.12.18 – Kommuneplanen sin handlingsdel 2019-2022.
Onsdag 12.12.18 - Årsbudsjett 2019 - Endring i framlegg knytt til nytt punkt 2 om eigedomsskatt

Elektronisk skjema

Alternativt til: Fjell kommune, Postboks 184, 5342 Straume

Saka skal til ny handsaming i komité for drift og forvaltning 04.12.18 før saka vert endeleg vedteke i kommunestyret sitt møte 13.12.18.

Dokumenta er lagt ut til gjennomsyn på Folkeboksamlinga, Straume og i servicetorget Fjell rådhus frå og med måndag 12.11.18. I tillegg er dokumenta lagt ut elektronisk på Fjell kommune si heimeside www.fjell.kommune.no under Kunngjeringar.

Fjell kommune, 14. november 2018.
Marianne Sandahl Bjorøy
ordførar


Sist endret: 09.11.2018