Facebook ikon Twitter logo Print side

Kven har vikeplikt i vegkrysset Foldnesvegen og «Rådhusvegen»?

Kommunen har bede vegvesenet, som er rette vegmynde, til å gi ei vurdering og ei avklåring. Den finn de her.

Krysset Foldnesvegen - rådhusvegen

Reknar med at det er mange som har stilt seg dette spørsmålet. Krysset er av ein slik karakter at fleire er usikre på kven som har vikeplikt, noko som førar til mykje usikker og famlande køyring på begge vegar mot krysset. Kommunen har difor bede vegvesenet, som er rette vegmynde, til å gi ei vurdering og ei avklåring.

Her er eit samandrag av svarbrevet frå vegvesenet:

I vegvesenets vurdering kom det fram at dette vegkrysset er eit konfliktpunkt der den generelle vikepliktsregelen for trafikk frå høgre ikkje må vektleggjast i særleg grad. Den kvite stipla i delet mellom dei to vegane visualiserar til ein viss grad dette, men er ikkje avgjerande aleine i ein tvist. Vidare indikerer skiltet til Rådhuset at det moglegvis berre er Rådhuset med tilhøyrande parkeringsplass som er inn den vegen, altså ikkje ei hovudfartsåre. Foldnesvegen reknast for å vere ei hovudtrafikkåre med vesentleg meir trafikk enn på «Rådhusvgen». Dette taler og i mot at det er eit kryss med vikeplikt frå høgre for køyrande på Foldnesvegen mot Foldnes.

Etter vegvesenets meining er det flest argument for at køyrande på Foldnesvegen mot Foldnes ikkje har vikeplikt frå høgre for køyrande som kjem frå rådhuset, men kan likevel ikkje lage ein eintydig konklusjon på om det er vikeplikt frå høgre i dette krysset. Det er fleire slike kryss i landet, der det ikkje er mogleg å gi eit heilt klårt svar på om vikeplikt frå høgre skal gjelde eller ei. På fagspråket kallast dette for samhandlingspunkt. For køyring mot eit sam-handlingspunkt må køyrande tilpasse køyremåten, særleg fart, til annan trafikk på ein slik måte at det er mogleg å stanse og unngå konflikt/samanstøyt.

Vegvesenet konkluderer med at køyrande frå Rådhuset bør køyre fram mot krysset som om dei har vikeplikt og at dei som kjem på Foldnesvegen på veg mot Foldnes ikkje treng å køyre fram mot vegen til Rådhuset som om dei har vikeplikt, men på ein måte som gjer at dei kan stanse og unngå konflikt/samanstøyt.

Ut frå ei heilskapsvurdering viser vegvesenet til § 3 i vegtrafikkloven med tanke på forsvarleg køyremåte i dette krysset: «ein kvar skal ferdast omsynsfullt og vere aktpågjevande og varsam så det ikkje kan oppstå fare eller valde skade og slik at anna trafikk ikkje unødig blir hindra eller forstyrra».


Publisert: 17.02.2017 10:00
Sist endret: 17.02.2017 10:19