Facebook ikon Twitter logo Print side

Landro skule - Ope anbodskonkurranse

Totalentreprisekonkurranse i samband med utviding og ombygging av Landro skule.

Fjell kommune byr med dette inn interesserte føretak til å gje totalentreprisetilbod på utviding og ombygging av Landro skule på Landro.

Oppdraget omfattar riving av mindre del av dagens skule, og oppføring av tilbygg i 3 etasjar inkludert kjellar. Utomhusanlegget ved skulen skal også endrast som følgje av utvidinga. Tilbodsgrunnlag blir lagt ut på Doffin i mai 2016. Gjennomføringa av byggearbeida skal skje i ei totalentreprise.

Det vil bli stilt krav om erfaring med arbeid med tilsvarande bygg og gjennomføringsmodell. Tilbydar skal dekke dei ansvarsområda som er naudsynt i høve til Plan- og bygningslova for å kunne gjennomføre tiltaket. Føretak som ønskjer å gje tilbod, må vera kvalifisert for gjennomføring i tiltaksklasse 2.

Tilbodskonkurransen vert halde i samsvar med reglane i "Forskrift om offentlige anskaffelser", og ein visar til kunngjering i TED/DOFFIN-basen.

Frist for innlevering av anbod er sett til 08.08.2016.

Plan- og utbyggingssjefen


Publisert: 27.05.2016 05:00
Sist endret: 03.08.2016 13:57
Rådhus

Besøksadresse:

Foldnesvegen 1
5354 Straume

Posadresse:

Postboks 184
5342 Straume

Telefon: 55 09 60 00