Facebook ikon Twitter logo Print side

Lokal forskrift om forbodssone for oppskyting av privat fyrverkeri - Straume

Fjell kommune skal handsame framlegg til ny lokal forskrift som gjeld forbod mot oppskyting av privat fyrverkeri på delar av Straume. Forbodet har heimel i «Forskrift om handtering av eksplosjonsfarleg stoff» § 2-10 a.

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Formannskapet i Fjell kommune vedtok 30.08.17 at framlegg til lokal forskrift om forbodssone for oppskyting av fyrverkeri blir lagd ut til offentleg høyring. Høyringsfristen er to månader.

Framlegget inneheld forbod mot å skyte opp privat fyrverkeri i nærmare angjevne soner på Straume.

Kommunestyret skal handsama framlegget til den nye forskrifta i november.

Offentlege og private får høve til å uttale seg om forskrifta før den blir vedteken.

Sjå vedlagte dokument for utfyllande informasjon: Lokal forskrift om forbodssone for oppskyting av privat fyrverkeri - Straume

Frist for å komme med merknader er 1. november 2017.

Elektronisk skjema 

Høyringssvaret kan også sendast på e-post til postmottak@fjell.kommune.no

Høyringssvar som blir sendt på e-post eller pr. brev merkast med «Høyringsuttale lokal forskrift om forbodssone for oppskyting av privat fyrverkeri - Straume»


Publisert: 01.09.2017 05:00
Sist endret: 29.08.2017 11:16