Facebook ikon Twitter logo Print side

Lokal forskrift om utslepp av olje- og feittholdig avløpsvatn

Høyring av lokal forskrift om utslepp av olje- og feittholdig avløpsvatn for Fjell kommune.

Fjell kommune og FjellVAR har i medhald av forureiningsforskrifta, kapittel 15-6 og 15 A-4, utarbeidd framlegg til lokal forskrift om utslepp av olje- og feittholdig avløpsvatn.

  • Lokal forskrift vert med dette sendt ut på høyring og offentleg ettersyn.
  • Lokal forskrift skal regulere bruken av private avløpsløysingar frå eksisterande og nye verksemder når avløpsvatnet inneheld olje- og/ eller feitt.
  • Lokal forskrift vert ein sjølvstendig forskrift og eit godt verktøy for å møte dei skjerpa krava og måla som er nedfelt i EU sitt vass- og avløpsdirektiv.
  • Forskrifta skal sikre at olje- og feittutskiljarar vert drifta og fungerer optimalt, slik at olje og feitt vert fjerna ved kjelda før påslepp til avløpsnettet og utslepp til resipient.

Komité for plan og utvikling vedtok i møte 07.03.2017 følgjande:

  • Komité for plan og utvikling vedtek at lokal forskrift om utslepp av olje- og feittholdig avløpsvatn i Fjell kommune vert lagt ut til offentleg høyring i 4 veker slik den ligg føre.

Dokument

Høyringsdokumenta finn du her:

  • Servicetorget i Fjell rådhus
  • Fjell folkeboksamling

Kontakt for meir opplysningar

Dersom det er behov for ytterlegare opplysningar kan underteikna kontaktast på
tlf. 55 09 73 58 eller på e-post: john.torkildsen@fjell.kommune.no 

Merknader til høyring

Høyringsperiode: 20.03 - 24.04.2017. Høyringsinnspel skal vera skriftleg og merkast med saksnr: 2017/1136.

Eventuelle merknader kan sendast til:
postmottak@fjell.kommune.no eller Fjell kommune, Postboks 184, 5342 Straume.

Elektronisk skjema


Publisert: 21.03.2017 05:00
Sist endret: 17.03.2017 09:53