Facebook ikon Twitter logo Print side

Montering av nye farvasskilt og fjerning av gamle

Fjell kommune har utforma lokal forskrift om fartsavgrensing for det kommunale sjøområdet (sjøkart nr. 21 og 23 Hordaland). Forskrifta vart godkjent av Kystverket 22.03.18, og vert gjeldande etter at skilting er gjennomført og Kystverket har kunngjort den i Norsk Lovtidende.

Gamle farevasskilt vil bli fjerna

I den forbindelse skal Bergen havn setja opp nye fartsskilt i samsvar med forskrifta. Dette arbeidet vil bli utført i veke 27. Etter synfaring i
området har Bergen havn vurdert at eksisterande skilt som er oppført av privatpersonar, ikkje er i samsvar med dagens skiltforskrift og nemnte
fartsforskrift. Bergen havn vil fjerne desse skilta i veke 27.

Dersom eigar av skilt ønskjer å behalde skilta, kan dei hentast på Bergen havn ved Nøstegaten innan 31.08.18. Etter dette vil skilta bli kasta, då dei ikkje møter dagens skiltstandard. Bergen havn understrekar vidare at private personar og grunneigarar av sjøeigedom ikkje har mynde til å oppføra farvasskilt. Kystverket via kommunen er rette instans for søknad om fartsavgrensing i sjø.


Publisert: 02.07.2018 12:54
Sist endret: 02.07.2018 13:00