Facebook ikon Twitter logo Print side

Nye adressenamn i Fjell kommune

Nye adressenamn vart vedteke i KDF 5. juni 2018.

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Nye adressenamn

1511 – Saltskohavnen
1512 – Glåmsneset
1513 – Fløsteinen
1514 – Nordre Bildøyna
1515 – Nordre Foldnesvågen
1516 – Austre Geitanger
1517 – Nordre Geitanger
1518 – Vestre Geitanger
1519 – Søre Geitanger
1520 – Kolltveitlia
1521 – Dyrøyna
1522 – Hissøyna
1523 – Narøyna

Kart

Sjå vedlagte kart for oversikt.

Adressenamn med adressekoder 1511-1519 og 1521-1523 er områdeadresser. Vegparsell med adressekode 1520 er eksisterande avstikkar til Skjergardsvegen som no har fått eigen adressekode og adressenamn.

Områdeadresser

I område utan klare vegsystem kan ein tildele «områdeadresser», typisk for hytter. Områdeadresser har same struktur som ordinære vegadresser med adressekode, adressenamn og eit adressenummer til kvar enkelt eining. Forskjellen er at adresseparsellane ikkje er knytt til ein veg, men til eit stisystem, eit område eller ein plass.

Når skjer adressetildeling?

Kommunen vil starte med matrikkelføring og tildeling av adresser etter at klagefristen er gått ut, arbeidet er omfattande og ein må rekne med at det vil ta tid før alle får tildelt adresse. Kvar enkelt part vil få melding om tildeling av adresse med adressenummer på sin eigedom.

Dokument

Kva kan ein klage på?

Etter stadnamnlova er det berre skrivemåten av dei vedtekne adressenamna ein kan klage på, ein kan ikkje klage på val av namn.

Kven kan klage?

Stadnamnlova §10 har reglar om kven som kan klage.

Klagefrist

06. juli 2018.

Kvar skal klagen sendast?

Klagen skal vera grunngitt, og skal sendast til Postmottak i kommunen:

Postmottak, Fjell kommune
Postboks 184, 5342 Straume eller postmottak@fjell.kommune.no

Elektronisk skjema

Vis til saksnummer 17/4476, og kva adressekode klagen gjeld.


Publisert: 15.06.2018 05:00
Sist endret: 14.06.2018 11:34