Facebook ikon Twitter logo Print side

Nye adressenamn i Fjell kommune

Komité for drift og forvaltning vedtok 04.12.18 fyljande nye adressenamn, vegkodar 1524-1531 og endra adressenamn for vegkode 1501.

Komité for drift og forvaltning (KDF) vedtok 04.12.18 fyljande nye adressenamn:

  • 1501- Stemmegardshaugane (endra adressenamn)
  • 1524-Spjeldsøyna (områdeadresse)
  • 1525-Steinsundholmane (områdeadresse)
  • 1526-Skarvbogen (områdeadresse)
  • 1527-Vindenespollen (områdeadresse)
  • 1528-Hjartøyvågen (områdeadresse)
  • 1529-Breiviklia (områdeadresse)
  • 1530-Pollen (områdeadresse)
  • 1531- Utfallvegen (nytt adressenamn)

Sjå vedlagte kart for oversikt.

Adressenamn med adressekoder 1524-1530 er områdeadresser. Vegparsell med adressekode 1531 er nytt adressenamn på nytt bustadfelt med avkjøring frå Instamyra på Straume . Adressekode 1501 er veg som tidlegare var Kråkene og som no er endra til Stemmegardshaugane på Trengereid.

Områdeadresser

I område utan klare vegsystem kan ein tildele «områdeadresser», typisk for hytter. Områdeadresser har same struktur som ordinære vegadresser med adressekode, adressenamn og eit adressenummer til kvar enkelt eining. Forskjellen er at adresseparsellane ikkje er knytt til ein veg, men til eit stisystem, eit område eller ein plass.

Når skjer adressetildeling?

Kommunen vil starte med matrikkelføring og tildeling av adresser etter at klagefristen er gått ut, arbeidet er omfattande og ein må rekne med at det vil ta tid før alle får tildelt adresse. Kvar enkelt part vil få melding om tildeling av adresse med adressenummer på sin eigedom.

Kva kan ein klage på?

Etter stadnamnlova er det berre skrivemåten av dei vedtekne adressenamna ein kan klage på, ein kan ikkje klage på val av namn.

Kven kan klage?

Stadnamnlova §10 har reglar om kven som kan klage.

Klagefrist 15. januar 2019.

Kvar skal klagen sendast?

Klagen skal vera grunngitt, og skal sendast til Postmottak i kommunen:
Pr. post: Fjell kommune, Postboks 184, 5342 Straume eller pr. e-psot: postmottak@fjell.kommune.no 

Elektronisk skjema

Vis til saksnummer 18/308, og kva adressekode klagen gjeld.


Sist endret: 12.12.2018