Facebook ikon Twitter logo Print side

Ope anbodskonkurranse - Bjorøy skule

Totalenterprisekonkurranse i samband med tilbygg og ombygging av Bjorøy skule.

Fjell kommune byr med dette inn interesserte føretak til å gje totalentreprisetilbod på prosjektet «Tilbygg og ombygging av Bjorøy skule».

Oppdraget gjeld oppføring av tilbygg og ombygging av eksisterande skule på Bjorøy, samt riving av «gamleskulen» i Fjell kommune. Gjennomføringa av byggearbeida
skal skje i ein totalentreprise.

Det vil bli stilt krav om erfaring med arbeid med tilsvarande bygg og gjennomføringsmodell.

Tilbydar skal dekke dei ansvarsområda som er naudsynt i høve til Plan- og bygningslova for å kunne gjennomføre tiltaket. Føretak som ønskjer å gje tilbod, må minimum kunne
krevje ansvarsrett for utføring i tiltaksklasse 2.

Tilbodskonkurransen vert halde i samsvar med reglane i "Forskrift om offentlige anskaffelser", og ein visar til kunngjering i TED/DOFFIN-basen.

Frist for innlevering av anbod er sett til 19.01.2018.

Plan- og eigedomssjefen


Publisert: 24.11.2017 14:45
Sist endret: 24.11.2017 14:47