Facebook ikon Twitter logo Print side

Ope informasjonsmøte om helikoptertrasear

Informasjonsmøte er tysdag 30. oktober kl. 18.00-19.30 i kultursalen på Fjell rådhus.

HelikopterAvinor starta arbeidet med nye helikoptertrasear i 2016, der fokus ligg på tryggleik, miljø/støy og kapasitet knytt til helikoptertrafikken til og frå Flesland. På møtet 30. oktober vil Avinor gi ein presentasjon av bakgrunnen for endringane som det vert arbeida med, i tillegg til status og venta framdrift med omsyn til testflyging og utarbeiding av støykart.

Avinor sitt endelege framlegg til nye helikoptertrasear vil bli sendt på høyring til berørte kommunar etter testflyging og støykartlegging.

Program

  • Kl 18.00 Velkomen v/Henning Ekerhovd, leiar for komite for plan og utvikling
  • Kl 18.05 Kommunen si rolle i arbeidet v/Hanna Gjesdal, leiar miljø, geodata og oppmåling
  • Kl 18.15 Avinor sitt arbeid med nye helikoptertrasear v/Aslak Sverdrup, Lufthavndirektør, Bergen lufthavn Flesland m. fl.
  • Kl 19.00 Ope for spørsmål

Velkomen!


Publisert: 23.10.2018 05:00
Sist endret: 22.10.2018 14:28