Facebook ikon Twitter logo Print side

Regional plan for vassforvaltning

Høyring og offentlig ettersyn. Hordaland fylkeskommune har sendt ei rekkje dokument på høyring knytt til Regional plan for vassforvaltning.

Gjeldande Vassforvaltningsplan (2016-2021) skal reviderast for perioden  2022-2027. Den nye/oppdaterte regionale planen vil gjelde for Vestland vassregion. I samband med dette er det sett opp ei oversikt over hovudutfordringar i vassregionen for perioden, samt eit planprogram for korleis revideringa av planen skal gjennomførast.

Det er òg utarbeidd eit høyringsutkast til  handlingsprogram for åra som er att av gjeldande vassforvaltningsplan for Hordaland (2019-2021).

Alle har høve til å uttale seg om innhaldet i desse dokumenta. Det er laga høyringsskjema som ein kan nytte om ønskjeleg. Skjemaet sender ein til hfk@hfk.no. Ein kan og sende innspel på annan måte, f.eks. som vanleg e-post. Frist for å sende inn høyringsuttale er 30. juni 2019.

Kva er Regional plan for vassforvaltning?

Regional plan for vassforvaltning er utarbeidd i tråd med Forskrift om rammer for vannforvaltningen (vassforskrifta), som eit ledd i implementeringa av vassdirektivet til EU. Planen vart vedteke på fylkestingsnivå  i 2015 og godkjent av Klima- og miljødepartementet i 2016.

Planen fastset miljømål og viser korleis vi ynskjer å forvalte vassmiljøet og vassressursane i eit langsiktig perspektiv. Det generelle målet er at ein skal minst ha såkalla  «god miljøtilstand» for vassførekomstane innan 2021. Planen er eit sentralt verkty for heilskapleg vern og berekraftig bruk av vatnet. Dette skal skje gjennom:

  • Ei heilskapleg vassforvalting på tvers av sektorar og forvaltingsnivå, med god medverknad frå allmenne interesser 
  • At ansvarlege kommunar, fylkeskommunar og sektormyndigheiter følgjer opp forvaltingsplanen og tiltaksprogrammet gjennom eigne planar og vedtak etter eige sektorlovverk
  • Å unngå forverring av miljøstanden i vassdrag og kystvatn
  • Å oppfylle miljømål og gjennomføre miljøforbetrande tiltak slik det vert fastsett for den enkelte innsjø-, elv- og kystvassførekomst.

For å nå miljømåla i planen er det utarbeidd eit regionalt tiltaksprogram som konkretiserer moglege tiltak for å førebyggje, forbetre og/eller retta opp att miljøtilstanden der det er naudsynt.

Handlingsprogrammet  som no er til høyring handlar om korleis en koordinerer prosessen med å nå miljømåla i dei åra som er att av den gjeldande regional vassforvaltningsplanen (2019-2021). Programmet viser kva for oppfølging planen krev og peikar ut ansvarleg organ og samarbeidspartnarar for å få gjennomført planen. Handlingsprogrammet er avgrensa til sjølve planprosessen.

Nytt tiltaksprogram for den nye planperioden (2022-2027) vil kome på høyring seinare i prosessen.

Alle høyringsdokumenta, inklusive høyringsbrevet frå Hordaland Fylkeskommune,  finn du på Vannportalen.no ved å følgje denne lenka:

http://www.vannportalen.no/vannregioner/hordaland/plandokument/plandokument---pa-hoyring-i-2019/


Sist endret: 20.05.2019