Facebook ikon Twitter logo Print side

Søknad om handtering av stål og metall i Knarrevik

Norsk Gjenvinning Metall AS, avd. Knarrevik (NGM) søkjar om å ta i mot inntil 25 000 tonn stål og metall pr. år.

NGM har opplyst at søknaden ikkje fører til endring i aktiviteten som allereie er på anlegget. Fylkesmannen gav NGM eit mellombels løyve etter forureiningslova 29. september 2016 som gjeld per dags dato. Dette løyvet omfattar årleg handtering av inntil 25 000 tonn stål og metall.

Offentleg ettersyn

Saka er kunngjort på Fylkesmannen i Hordaland sine nettsider: https://www.fylkesmannen.no/Hordaland/Hoyringar/Soknad-om-handtering-av-stal-og-metall-i-Knarrevik/ Her finn du også Saksdokumenta saman med verksemdas gjeldande løyve.

Merknader til søknaden skal sendast til fylkesmannen i Hordaland ved å fylla ut skjema på heimesida til fylkesmannen, sende til fmhopostmottak@fylkesmannen.no, eller sende per post til Fylkesmannen i Hordaland, postboks 7310, 5020 Bergen. Frist for uttale er torsdag 1. desember 2016. Merk saka med 2015/283. Høyringsfrist er 1. desember 2016.


Publisert: 09.11.2016 14:16
Sist endret: 09.11.2016 14:18