Facebook ikon Twitter logo Print side

Temaplan for avfall

Offentleg ettersyn for temaplan for avfall 2017-2025 og renovasjonsteknisk norm.

Komité for drift og forvaltning vedtok i møte 06.06.17 at temaplan for avfall 2017-2025 vert lagt ut til offentleg ettersyn. Komiteen vedtok også å legge ut renovasjonsteknisk norm.

Hovudmålet i avfallsplanen er at Fjell kommune skal vere leiande i fylket på sirkulær økonomi innan avfallsområdet. Sirkulær økonomi handlar om å ta vare på brukte ressursar, gjennom ombruk, reparasjon og gjenvinning av material.

Renovasjonsteknisk norm gjeld den fysiske utforminga av dei renovasjonstekniske anlegga (t.d. bosshus, nedgravne løysingar o.l).

Dokument

Offentleg ettersyn

Planen er lagt ut til offentleg ettersyn i servicetorget på rådhuset og Fjell folkeboksamling på Straume i tida 16.06 - 31.08.17

Merknadar

Eventuelle merknader eller innspel kan sendast som e-post til postmottak@fjell.kommune.no, skriftleg per post til
Fjell Kommune, Plan og utbyggingssjefen, Postboks 184, 53542 Straume eller via elektronisk skjema.

Merkast med «Saksnummer 2017/2913 »

Elektronisk skjema 

Frist for å komme med merknadar er 31.08.2017.


Publisert: 16.06.2017 05:00
Sist endret: 13.06.2017 12:56