Facebook ikon Twitter logo Print side

Tilbod om influensavaksine

Tilbod om influensavaksine til dei som er i risikogruppe, kan ein no få hos fastlegane, eller hos Helsetenjenester Vest -Reisevaksiner. Ta vaksinen helst før 1. desember.

Dei som bør ta vaksine er:

  • Alle personar som er 65 år eller eldre
  • Alle som bur i omsorgsbolig eller sjukeheim
  • Vaksne og barn med:
    - diabetes (sukkersjuke), type 1 eller 2, uavhengig av kor alvorleg diabetesen er
    - kroniske luftvegsjukdomar, KOLS eller astma
    - kroniske hjarte-/karsjukdomar, hjartesvikt
    - nedsett motstandskraft mot infeksjonar, (t.d. ved bruk av nokre medikament som har effekt på immunsystemet )
    - kronisk nyresvikt
    - kronisk leversvikt
    - nevrologisk sjukdom eller skade
    - svært alvorleg fedme, dvs. kroppsmasseindeks (BMI) over 40
    - Gravide etter 12. svangerskapsveke (2. og 3. trimester.) Gravide i 1. trimester med annan tilleggsrisiko kan vurderast for vaksinasjon.

Publisert: 27.10.2016 08:37
Sist endret: 27.10.2016 08:41