Facebook ikon Twitter logo Print side

Tilbod om influensavaksine

til dei som er i risikogruppe, kan ein no få hos fastlegane, eller hos helsetenester Vest - Reisevaksiner.

Tilbod om influensavaksine

Ta vaksinen helst før 1. desember.

Dei som bør ta vaksine er:

  • Alle personar som er 65 år eller eldre
  • Alle som bur i omsorgsbolig eller sjukeheim
  • Vaksne og barn med:
    - diabetes (sukkersjuke), type 1 eller 2, uavhengig av kor alvorleg diabetesen er
    - kroniske luftvegsjukdomar, KOLS eller astma
    - kroniske hjarte-/karsjukdomar, hjartesvikt
    - nedsett motstandskraft mot infeksjonar, (t.d. ved bruk av nokre medikament som har effekt på immunsystemet )
    - kronisk nyresvikt
    - kronisk leversvikt
    - nevrologisk sjukdom eller skade
    - svært alvorleg fedme, dvs. kroppsmasseindeks (BMI) over 40
    - Gravide etter 12. svangerskapsveke (2. og 3. trimester.) Gravide i 1. trimester med annan tilleggsrisiko kan vurderast for vaksinasjon.
  • Helsearbeidarar som arbeider med pasientar

Foto: Colourbox


Publisert: 01.11.2017 13:30
Sist endret: 01.11.2017 13:36