Facebook ikon Twitter logo Print side

Tildeling av nye adressenamn i Fjell kommune

De vert med dette varsla om arbeidet som er i gang, og har moglegheit til å koma med med uttale/forslag.

Del av eksisterande veg med adressenamn Instamyra, skal tildelast nytt adressenamn (sjå kart).

Som eit ledd i målsetjinga om full adressedekning i kommunen, skal også fritidsbustadar tildelast adresse. For utvalde områder vil me difor tildele «områdeadresser».

Lovverk

Kommunen sitt adressearbeid er heimla i Matrikkellova § 21 og Matrikkelforskrifta kapittel 12. Lov om stadnamn har også reglar knytt til adressearbeid.

Områdeadresse

I område utan klare vegsystem kan ein tildele «områdeadresser». Områdeadresser har same struktur som ordinære vegadresser med adressekode, adressenamn og eit adressenummer til kvar enkelt eining. Forskjellen er at adresseparsellane ikkje er knytt til ein veg, men til eit stisystem, eit område eller ein plass.

Val av adressenamn og skrivemåte

Lov om stadnamn har reglar kring val av skrivemåtar på stadnamn og adressenamn. Ein legg vekt på at namnet har lokal tilknyting. Brosjyren Tråkka frå Språkrådet, og nettsidene deira, inneheld også informasjon og prinsipp ved val av namn og skrivemåtar.

Det er viktig at kvar enkelt adressenamn er unikt og ikkje kan forvekslast med andre namn i kommunen (Nye Øygarden kommune). Liste over alle eksisterande vegnamn i Fjell, Sund og Øygarden ligg ute på kommunen si nettside om adressering.

Uttale

Me set ein frist til 28.09.18 for å koma med innspel i saka. Etter at fristen er gått ut, vil ein sende aktuelle forslag til Stadnamntenesta på Vestlandet for tilråding krig val og skrivemåte.

Deretter vil administrasjonen gjera ei vurdering og sakshandsaming av innkomne uttalar og innspel, og utarbeide eit saksframlegg som skal opp til politisk handsaming. Det er komité for drift og forvalting etter delegering som til slutt fattar vedtak om tildeling av adressenamnet.

Det er lagt ved kart for kvart område som skal adresserast. Adressekoden er tildelt for kvart område:

Eventuelle innspel skal sendast innan 28. september 2018 til:
Fjell kommune, Postboks 184, 5342 Straume, postmottak@fjell.kommune.no eller

Elektronisk skjema

Merk eventuell innsending med saksnummer 18/308.


Publisert: 21.08.2018 05:00
Sist endret: 17.08.2018 12:59