Facebook ikon Twitter logo Print side

Tildeling av områdeadresser for utvalde hyttefelt

Offentleg høyringssvar for Områdeadresse Gnr. 31 - Geitanger, Gnr. 19 - Dyrøyna, Gnr. 13 - Hissøyna, Gnr. 13 – Narøyna.

I samsvar med matrikkellova § 21 og matrikkelforskrifta kapittel 12 vert det med dette kunngjort at Fjell kommune startar arbeid med å tildele områdeadresser for utvalde hyttefelt i kommunen. «Områdeadresse» er ei offisiell adresse som kan tildelast bygningar i områder der ein ikkje har direkte tilkomst via køyreveg.

Som eit ledd i målsetjinga om full adressedekning i kommunen, vil me no tildele offisiell adresse på fritidsbustadar på desse områda: Gnr. 31 - Geitanger, Gnr. 19 - Dyrøyna, Gnr. 13 - Hissøyna, Gnr. 13 – Narøyna.

Dokument

Det er lagt ved kart for kvart område som skal adresserast.

Lovverk

Kommunen sitt adressearbeid er heimla i Matrikkellova § 21 og Matrikkelforskrifta kapittel 12. Lov om stadnamn har også reglar knytt til adressearbeid.
På nettsidene til Språkrådet finn ein reglar og prinsipp knytt til namngjeving og skrivemåte for adressenamn.

Områdeadresse

I område utan klare vegsystem kan ein tildele «områdeadresser». Områdeadresser har same struktur som ordinære vegadresser med adressekode, adressenamn og eit adressenummer til kvar enkelt eining. Forskjellen er at adresseparsellane ikkje er knytt til ein veg, men til eit stisystem, eit område eller ein plass.

Uttale

De vert med dette varsla om arbeidet som er i gang, og har moglegheit til å koma med ein uttale kring tildeling av adressenamn for område der du har hytte.
Me set ein frist til 08.01.2018 for å koma med uttale i saka. Etter fristen er utgått vil ein utarbeide eit saksframlegg for namnesaka. Det er komité for drift og forvalting etter delegering som til slutt fattar vedtak om tildeling av adressenamnet. I samband med dette skal også Språkrådet og Kartverket uttale seg i saka.

Eventuelle innspel skal sendast til:
Fjell kommune, Plan- og utbyggingssjefen,
Postboks 184, 5342 Straume eller postmottak@fjell.kommune.no

Elektronisk skjema

Døme

På Geitanger kan 'Geitanger' vera aktuelt å nytte som områdeadressenamn. Eventuelt kan ein dele inn i 'Nordre Geitanger' og 'Søre Geitanger'. Ein legg vekt på at namnet har lokal tilknyting. Skrivemåte vert kontrollert av stadnamntenesta.


Publisert: 17.11.2017 05:00
Sist endret: 15.11.2017 08:15