Facebook ikon Twitter logo Print side

Tilskot mot barnefattigdom

Utlysning av nasjonal tilskotsordning mot barnefattigdom for 2017.

Barne- ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) utlyser nasjonal tilskotsordning mot barnefattigdom.

I regjeringa sitt framlegg til Statsbudsjett 2017 er det sett av 178,4 millionar til "Nasjonal tilskuddsordning mot barnefattigdom". Midlane vert no lyst ut med atterhald av Stortinget si løyving.

Formålet med tilskottsordninga er å motverke og/eller dempe konsekvensen av fattigdom blant barn og unge. Tilskottsordninga skal vera eit verkemiddel for å betra moglegheitene for at barn og unge skal få delta på viktige sosiale arenaer, som til dømes feire- og fritidsaktivitetar, uavhengig av foreldra si inntekt og sosiale situasjon. Både offentlege instansar, private aktørar og frivillige organisasjonar kan søkje om midlar.

Det er viktig at dei som skal søkje set seg godt inn i rundskrivet som regulerer ordninga. Full utlysning av tilskotsordninga med blant anna rundskriv og søknadsprosedyre er tilgjengeleg på tilskuddsordninga si nettside:

Meir informasjon om tilskotsordninga og søknadsskjema 

Søknadsfrist er 2. desember 2016.

Kontaktperson i Fjell kommune:
Monica Pedersen, telefon, 55 09 70 85 | e-post, monica.pedersen@fjell.kommune.no


Publisert: 11.11.2016 05:00
Sist endret: 27.10.2016 11:04