Facebook ikon Twitter logo Print side

Ubygging av breiband

Høyring - utbygging av breiband

Fjell kommune skal på ny søkja om midlar frå Nasjonal kommunikasjonsmyndighet (tidl. Post- og teletilsynet) til støtte for utbygging av breibandsnett i kommunen.

Alle som ønskjer å koma med innspel til område som ein ønskjer bygd ut vert inviterte til å gjera det innan 05.05.2016. Vi vil særleg oppmoda velforeningar, bygdelag og næringsliv om innspel.

Kommunen søkte i fjor om midlar til to område: Skoge/Åse og Fjell sentrum, men vi fekk ikkje innvilga søknaden. Basert på vurderinga som vart gjort i fjor er dei same områda foreslått prioritert i år.

Innspel kan sendast på e-post til postmottak@fjell.kommune.no, via høyringsskjema eller per post til Fjell kommune, Postboks, 5342 Straume og merkast "Innspel breibandsutbygging".

Skjema for høyringssvar


Publisert: 04.05.2016 12:01
Sist endret: 04.05.2016 12:03
Rådhus

Besøksadresse:

Foldnesvegen 1
5354 Straume

Posadresse:

Postboks 184
5342 Straume

Telefon: 55 09 60 00