Facebook ikon Twitter logo Print side

Varsel om kantklipping

Fjell kommune tek til med kantklipping langs kommunale vegar. Arbeidet vil ha oppstart snart og føregå fram mot jul. Vi ber grunneigarar sjølve ta ansvar i bustadområde.

Utstyret som vert nytta er grovt maskinelt og av estetiske årsaker oppmodar vi grunneigarar om sjølv å halde vegetasjon langs eigedomane innanfor dei krav kommunen stiller. Det er utarbeidd ei brosjyre om kantklipping. Denne kan De få tilsendt eller eventuelt laste ned her

Brosjyre: Kva kan du som innbyggjar gjere for trafikksikring og trivsel i ditt nærmiljø?

For nærare informasjon kan De ta kontakt med kommunen på telefon 55 09 60 00.

Kantklipping vert utført med heimel i veglova § 31 og nabolova § 12.

Eigedomssjefen


Publisert: 20.09.2016 07:38
Sist endret: 20.09.2016 07:52