Facebook ikon Twitter logo Print side

Varsel: Stenging i og over Straumsundet

Eit parti i Straumsundet under gamlebrua vert stengd for båtferdsel – brua over sundet vert stengd for trafikk frå måndag 2. til laurdag 7. juli 2018.

Frå måndag 25.06 til laurdag 07.07 2018 vil det vere sjøarbeid i Straumsundet, sjøkart nr 21, på begge sider av brua over sundet. Sundet vil i denne perioden verte stengd for almen båtferdsel mellom raude sperrelinjer vist på kart.

Frå måndag 02. til laurdag 07.07.2018 vil det vere sjøarbeider under gamlebrua over Straumsundet. Brua vil i denne perioden verte stengd for trafikk. Varselskilt vert satt opp.

Valen Marina AS på vegne av FjellVAR AS skal i sommar leggje ned en 400 mm pumpeleidning for avløp, i sjø frå Søre Bildøy til Foldnesvågen. Som del av dette prosjektet skal leidninga leggjast gjennom Straumsundet og under den gamle brua i Straumsundet. Sjøleidninga vert grave ned under botnen over store deler av området, slik at eksisterande botnnivå over -3m ikkje vert endra.

Valen Marina vil ha vaktbåt på staden når det er sjøarbeidar og kan kontaktast på tlf. 90 70 19 60.

Kart over område som vert stengd

Kart over stengd område ved Straumssundet


Publisert: 25.06.2018 07:39
Sist endret: 25.06.2018 07:44