Facebook ikon Twitter logo Print side

Ågotnes sentrum - Ågotnes

Varsel om oppstart av detaljregulering for Ågotnes sentrum S1 og S2, gnr. 27, bnr. 465 m. fl. – Ågotnes.

Reguleringsplan

Ein reguleringsplan består av arealplankart med tilhøyrande føresegner og planskildring som viser bruk, vern og utforming av areal. Ein reguleringsplan fastsett framtidig arealbruk for området, og er ved kommunestyret sitt vedtak bindande for nye tiltak, eller utviding av eksisterande tiltak.

Tiltakshavar og konsulent

Sotra Trelast AS og Ågotnes service senter AS v/Liegruppen AS er tiltakshavar. Norconsult AS er konsulent for reguleringsplanarbeidet.

Planområdet

Planområdet inngår i kommunedelplan for Ågotnes 2013-2024, som er peika ut som sentrumsområde nr. 2 i Fjell kommune. Planen vil fullføre reguleringa av ein stor del av sentrums-området, med delområda S4 og del av S1. I tillegg vil ein regulere dagens trafoanlegg og ny parkeringsplass, Park 1, S/T1 og S/T2.

Figuren viser varslingsgrense ved oppstart. Endeleg planområde vert truleg redusert nokre stader i prosessen fram til endeleg plan. Fjell kommune vurderer det slik at tiltak i planen ikkje utløyser krav om ny konsekvensutgreiing.

Arbeidet med Kvalitetsprogram for Ågotnes vil gå parallelt og legge føringar for arbeidet. Planområdet er i dag mest utmark med lyng og gras, buskar, mindre myrer og berg i dagen i tillegg til vegar, trafoanlegg m.m.

Kart over Ågotnes sentrum

Formålet med reguleringa

Formålet med planen er å legge til rette for forretning, kontor, offentleg og privat tenesteyting, bustader, barnehage, bustader tilrettelagt for seniorar/eldre, veg, gangveg, parkering, park m.m.

Planområdet vist i kartløysinga til kommunen finn du her.

Merknader til oppstartsmeldinga

Merknader og opplysningar som kan vera interessante for planarbeidet kan sendast til:Norconsult AS v/ Kjell Ove Hjelmeland,
Postboks 1199 Sentrum,
5811 Bergen

Merknader kan også sendast på e-post til: kjell.ove.hjelmeland@norconsult.com

Alle mottekne dokument, merknadar og liknande vil følgja planforslaget når planen vert sendt til kommunen for behandling.

Merknadsfrist

Frist for å komma med merknader er sett til 27.12.18

Vidare saksgong

Alle merknadar som vert sendt inn skal vurderast av forslagstillar. Etter at meldingsfristen er gått ut vil sjølve planframlegget bli utarbeidd, for deretter å bli sendt til Fjell kommune for vurdering og saksbehandling.

Etter første gongs handsaming i komité for plan og utvikling, vert planen sendt på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn i minst seks veker. Det vil då vera mogleg å komma med merknader til planframlegget før vidare politisk behandling.

Heile planprosessen kan følgjast via postlistene til Fjell kommune. Søk etter saksnr. 17/959 i postlista til kommunen.


Sist endret: 28.11.2018