Facebook ikon Twitter logo Print side

Arefjordvegen fv.209

Varsel om oppstart av detaljregulering for Arefjordvegen Fv. 209.

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


I medhald av plan- og bygningslova (pbl) §§ 12-3 og 12-8 vert det med dette varsla om at det skal setjast i gong ein detaljregulering for Arefjordvegen Fv. 209 (Strekninga som skal utbetras går frå Svingen Barnehage fram til Arefjordstraumen og er om lag 1100 meter.)

Reguleringsplan

Ein reguleringsplan består av arealplankart med tilhøyrande føresegner og planskildring som viser bruk, vern og utforming av areal. Ein reguleringsplan fastsett framtidig arealbruk for området, og er ved kommunestyret sitt vedtak bindande for nye tiltak eller utviding av eksisterande tiltak

Tiltakshavar og konsulent

Fjell kommune v/avdeling for samferdsle- og trafikkiksikring er tiltakshavar
Rambøll Norge AS er konsulent for reguleringsplanarbeidet.

Planområdet

Området som skal regulerast ligg om lag 1 kilometer søraust for Straume, og startar ved Svingen, gnr. 43, bnr. 110, og strekkjer seg fram til brua ved Arefjordstraumen. Vegstrekninga er om lag 1100 meter.
I Arealdelen til kommuneplanen er området i dag sett av til veg, og grensar til område avsett til bustader, næringsverksemde og LNFR. Tiltaket er i tråd med overordna plan.

Utsnitt frå arealdelen til kommuneplanen. Raud linje inni sirkelen markerar vegen som skal regulerast
Utsnitt frå arealdelen til kommuneplanen. Raud linje inni sirkelen markerar vegen som skal regulerast.


Varslingsområde.

 

Formålet med reguleringsendringa

Hovudføremålet med planarbeidet er å regulere for ei utbetring av vegen slik at den samsvarar med allereie utbetra vegstrekning vest på Fv.209. Det skal regulerast fortau på ei side av vegen og leggjast til rette for utviding av vegbanen. Det skal og vurderast VA, belysning og andre trafikksikringstiltak. Det skal og leggjast til rette for trygge kryssingar av vegen, med spesielt omsyn til på Barn og unge.

Planen kjem ikkje inn under vilkår for konsekvensutgreiing.

Merknader til oppstartsmeldinga

Merknader som har verknad eller interesse for planarbeidet kan sendast til:
Rambøll Norge AS v/Lene Berger Henriksen
PB 3705 Fyllingsdalen
5845 Bergen
e-post: lene.berger.henriksen@ramboll.no

Merknadsfrist

Frist for å komma med merknader er sett til 31. august 2017.

Vidare saksgang

Etter meldingsfristen vil sjølve planframlegget bli utarbeidd, for deretter å bli sendt til Fjell kommune for saksbehandling. Etter første gongsbehandlingi komité for plan og utvikling, vert planen sendt på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn i minst seks veker. Det vil då vere mogleg å komma med merknader til planframlegget før vidare politisk handsaming


Publisert: 23.06.2017 05:00
Sist endret: 20.06.2017 14:02