Facebook ikon Twitter logo Print side

Bakkane - Straume

Varsel om oppstart av detaljregulering for Bakkane, gnr. 35, bnr. 172 m. fl. - Straume

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


I medhald av plan- og bygningslova (pbl) § 12-8 vert det med dette varsla om at det skal setjast i gong detaljregulering for Bakkane, gnr. 35, bnr. 172, 365 m. fl. – Straume.

Reguleringsplan

Ein reguleringsplan består av arealplankart med tilhøyrande føresegner og planskildring som viser bruk, vern og utforming av areal. Ein reguleringsplan fastsett framtidig arealbruk for området, og er ved vedtak i kommunestyret bindande for nye tiltak eller utviding av eksisterande tiltak.

Tiltakshavar og konsulent

Straume Mesterbygg er tiltakshavar.

Ard arealplan as er konsulentar for reguleringsplanarbeidet i samarbeid med OG arkitekter.

Planområdet

Planområdet ligg på Straume, like ovanfor Straumsundet. Området grensar til eksisterande bustader og grøntareal. Planområdet er i arealdelen til kommuneplanen avsett til framtidig sentrumsformål, der reguleringsplan framleis skal gjelde. I gjeldande reguleringsplan er planområdet avsett til bustad, leikeareal og grøntanlegg. Det vurdert at planen ikkje kjem inn under vilkåra etter forskrift om konsekvensutgreiing. Planområdet er på ca. 9,5 daa.

Utsnitt frå arealdelen til kommuneplanen 2015-2026
Utsnitt frå arealdelen til kommuneplanen 2015-2026

Dokument

Varselkart

Formålet med reguleringa

Formålet med reguleringsplanen er å leggja til rette for bustader. I den nordlege delen vil ein setta av eit større areal til grøntområde, i samsvar med gjeldande reguleringsplan. I den sørlege delen skal det leggast til rette for bustader, i form av 4 leilegheitsbygg på 2-3 etasjar med rundt 35-40 bustadeiningar.

Merknader til oppstartsmeldinga

Innspel eller merknader som har verknad eller interesse for planarbeidet kan sendast til skriftleg eller elektronisk til:

Ard arealplan as
Nygårdsgaten 114
5008 Bergen
e-post: post@ardarealplan.no

Merknadsfrist

Frist for å komma med merknader er sett til 03.02.2017.

Vidare saksgang

Etter merknadsfristen vil sjølve planframlegget bli utarbeidd, for deretter bli sendt til Fjell kommune for sakshandsaming. Etter første gongs handsaming i komité for plan og utvikling, vert planen sendt på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn i minst seks veker. Det vil då vere mogleg å komma med merknader til planframlegget før vidare politisk handsaming.


Publisert: 16.12.2016 05:00
Sist endret: 13.12.2016 11:27