Facebook ikon Twitter logo Print side

Bergtun

Detaljregulering for Bergtun gnr. 37/38 m.fl. - Anglavika (planid: 20140009)

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


I samsvar med reglane i plan- og bygningslova vert det med dette kunngjort at kommunestyret har vedteke følgjande plan:

BERGTUN GNR. 37/38 M.FL. - ANGLAVIKA (PLANID: 20140009)

Planområdet er på om lag 6,3 dekar, og er lokalisert i Anglavika, om lag 5 km frå Straume. Føremålet med planen er å leggja til rette for bygging av fire bustadder med tilhøyrande leikeplass, vegareal og parkering. Planen legg også til rette for oppføring av eit mindre småbåtanlegg med flytebryggjer for inntil 14 båtplassar. Intensjonen er at lokalmiljøet skal ha tilgang til småbåtanlegget.

Dokument:

Føresegner datert 04.04.2016
Illustrasjonsplan datert 14.10.15
Plankart datert 12.11.15
Planskildring datert 10.11.15
Saksdokumentet

Planen er lagt ut her og i Servicetorget i Rådhuset. Vedtaket kan påklagast til Fylkesmannen i Hordaland av den som er part i saka eller har rettsleg klageinteresse.

Klagefristen er 3 - tre - veker frå denne kunngjeringa. Klagen bør grunngjevast.

Eventuell klage skal sendast:
Fjell kommune, Plan- og utbyggingssjefen, Postboks 184, 5342 Straume. eller via elektronisk skjema.

Når det gjeld verknaden av godkjend reguleringsplan, vert det vist til § 12-4 i plan- og bygningslova. Planen er bindande for alle arbeid eller tiltak som vert sett i verk innanfor planområdet. Krav om erstatning eller innløysing etter plan- og bygningslova §§ 15-2 og 15-3 må vera sett fram seinast 3 - tre - år etter denne kunngjeringa.

Det vert gjort merksam på reglane for innløysing, slik dei er fastsett i plan- og bygningslova § 15-3. Dette inneber m.a. at grunn kan krevjast innløyst. For fullstendig oversikt over reglane viser ein til plan- og bygningslova. Ein kan og venda seg til kommunen for utfyllande informasjon.


Publisert: 27.05.2016 15:49
Sist endret: 15.06.2016 15:52
Rådhus

Besøksadresse:

Foldnesvegen 1
5354 Straume

Posadresse:

Postboks 184
5342 Straume

Telefon: 55 09 60 00