Facebook ikon Twitter logo Print side

Detaljregulering for Klausamyra, gnr. 34, bnr. 3 m. fl. – Bildøyna

Varsel om oppstart av reguleringsplanarbeid.

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Reguleringsplan

Ein reguleringsplan består av arealplankart med tilhøyrande føresegner og planskildring som viser bruk, vern og utforming av areal. Ein reguleringsplan fastsett framtidig arealbruk for området, og er ved kommunestyret sitt vedtak bindande for nye tiltak, eller utviding av eksisterande tiltak.

Tiltakshavar og konsulent

Kåre Bildøy er tiltakshavar.
Stracon AS er konsulent for reguleringsplanarbeidet.

Planområdet

Varsel om oppstart gjeld ny varsling av planarbeid for same planområdet som var lagt ut på høyring i 2009. Plansaka vart den gong utsett i påvente av plan for Sotrasambandet. Utnyttinga er no også vesentleg redusert grunna funn av fornminne innanfor området.

Dokument:

Formålet med reguleringa:

Hovudføremålet med detaljreguleringa er å leggje til rette for rundt 10 nye bueiningar. I tilknyting bustadane vert det regulert areal til parkering, avkøyrsel og tilkomstveg, leik. Ein stor del av planområdet vert avsett til fornminne.
Planområdet vist i kartløysinga til kommunen finn du her.

Merknader til oppstartsmeldinga

Merknader og opplysningar som kan vera interessante for planarbeidet merkast «7189 – Detaljregulering Klausamyra», og kan sendast til:
Stracon AS, Leirvikflaten 15b, 5179 Godvik.

Merknader kan også sendast på e-post til: post@stracon.no

Alle mottekne dokument, merknadar og liknande vil følgja planforslaget når planen vert sendt til kommunen for behandling.

Merknadsfrist

Frist for å komma med merknader er sett til 05.10.2018

Vidare saksgong

Alle merknadar som vert sendt inn skal vurderast av forslagstillar. Etter at meldingsfristen er gått ut vil sjølve planframlegget bli utarbeidd, for deretter å bli sendt til Fjell kommune for vurdering og saksbehandling.

Etter første gongs handsaming i komité for plan og utvikling, vert planen sendt på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn i minst seks veker. Det vil då vera mogleg å komma med merknader til planframlegget før vidare politisk behandling.
Heile planprosessen kan følgjast via postlistene til Fjell kommune. Søk etter saksnr. 2018/1 her.

 


Publisert: 31.08.2018 05:00
Sist endret: 28.08.2018 18:06