Facebook ikon Twitter logo Print side

Detaljreguleringsplan for Angeltveit

Godkjent detaljreguleringsplan for gnr. 23, bnr. 6 m. fl. - Angeltveit (PLANID: 20150012).

I samsvar med reglane i plan- og bygningslova vert det med dette kunngjort at kommunestyret har vedteke følgjande detaljreguleringsplan:

Godkjent detaljreguleringsplan for gnr. 23, bnr. 6 m. fl. - Angeltveit (PLANID: 20150012).

Planområdet er omlag 20 dekar, og ligg på Angeltveit. Reguleringsplanen legg til rette for oppføring av totalt 50 bustadeiningar, i form av einebustader og konsentrere bustader med tilhøyrande infrastruktur, felles grøntareal og leikeplass.

Dokument

Planen kan ein sjå i Servicetorget i Rådhuset og på kommunen si nettside www.fjell.kommune.no under kunngjeringar. Vedtaket kan påklagast til Fylkesmannen i Hordaland av den som er part i saka eller har rettsleg klageinteresse.
Klagefristen er 3 - tre - veker frå denne kunngjeringa. Klagen bør grunngjevast.

Eventuell klage vert å senda:
Fjell kommune, Plan- og utbyggingssjefen, Postboks 184, 5342 Straume.

Elektronisk skjema

Når det gjeld verknaden av godkjend reguleringsplan, vert det vist til § 12-4 i plan- og bygningslova. Planen er bindande for alle arbeid eller tiltak som vert sett i verk innanfor planområdet. Krav om erstatning eller innløysing etter plan- og bygningslova §§ 15-2 og 15-3 må vera sett fram seinast 3 - tre - år etter denne kunngjeringa.

Det vert gjort merksam på reglane for innløysing, slik dei er fastsett i plan- og bygningslova § 15-3. Dette inneber m.a. at grunn kan krevjast innløyst. For fullstendig oversikt over reglane viser ein til plan- og bygningslova. Ein kan og venda seg til kommunen for utfyllande informasjon.


Publisert: 24.11.2017 05:00
Sist endret: 22.11.2017 10:01