Facebook ikon Twitter logo Print side

Døsjeneset - Nordre Ekrhovda

Offentleg ettersyn av Detaljregulering for Døsjeneset gnr. 46, bnr. 26, 113 m. fl. – Nordre Ekrhovda.

Komité for plan og utvikling i Fjell kommune har i møte 28.08.2018 i sak KPU 81/18, godkjent at framlegg til detaljregulering for for Døsjeneset gnr. 46, bnr. 26, 113 m. fl. – Nordre Ekrhovda, (PlanID: 20160001), vert lagt ut til offentleg ettersyn i samsvar med §12-10 i plan- og bygningslova.

Planområdet er 82.6 dekar, og ligg på Døsjeneset på austsida av Sotra, sør for Kolltveit og nord for Ekerhovd. Formålet med planarbeidet er mellom anna å leggje til rette for å utvida aktiviteten til eksisterande verksemder på Døsjeneset ved utfylling i sjø. Planen legg til rette for ei utviding av eksisterande næringsareal på Døsjeneset. Det er intensjonar om å byggje opp eit miljø som inneheld alt frå utvikling av ny betongteknologi, produksjon av mørtel og betong, produksjon av betongelement og produksjon av relaterte produkt.

Dokument

Offentleg ettersyn

Planen er lagt ut til offentleg ettersyn tida 19.10-30.11.2018.

Merknader

Eventuelle merknader til planframlegget kan sendast til: postmottak@fjell.kommune.no, som brev til Fjell kommune v/ Plan- og utbyggingssjefen, postboks 184, 5342 Straume
eller ved å bruka elektronisk skjema, innan 30.11.2018.

Elektronisk skjema


Publisert: 19.10.2018 05:00
Sist endret: 16.10.2018 08:09