Facebook ikon Twitter logo Print side

Eidet - Foldnes

Godkjent plan for Eidet, gnr. 36, bnr. 11 m. fl. - Foldnes (planid 20120007)

I samsvar med reglane i plan- og bygningslova vert det med dette kunngjort at kommunestyret har vedteke følgjande plan: Eidet, gnr. 36, bnr. 11 m. fl. - Foldnes (planid 20120007)

Planen omfattar 6,7 dekar og er lokalisert ved krysset mellom Fv 209 og Gamle Foldnesvegen, om lag 2,5 km frå Straume. Planen legg til rette for etablering av 19 bustadeiningar i blokk med parkeringskjellar.

Dokument:

Planen er lagt ut her og i Servicetorget i Rådhuset. Vedtaket kan påklagast til Fylkesmannen i Hordaland av den som er part i saka eller har rettsleg klageinteresse.

Klagefrist

Klagefristen er 6 - seks - veker frå denne kunngjeringa. Klagen bør grunngjevast.

Eventuell klage vert å senda: Fjell kommune, Plan- og utbyggingssjefen, Postboks 184, 5342 Straume, eller via elektronisk skjema.

Generell informasjon

Når det gjeld verknaden av godkjend reguleringsplan, vert det vist til § 12-4 i plan- og bygningslova. Planen er bindande for alle arbeid eller tiltak som vert sett i verk innanfor planområdet. Krav om erstatning eller innløysing etter plan- og bygningslova §§ 15-2 og 15-3 må vera sett fram seinast 3 - tre - år etter denne kunngjeringa.

Det vert gjort merksam på reglane for innløysing, slik dei er fastsette i plan- og bygningslova § 15-3. Dette inneber m.a. at grunn kan krevjast innløyst. For fullstendig oversikt over reglane viser ein til plan- og bygningslova. Ein kan og venda seg til kommunen for utfyllande informasjon.

Plan- og utbyggingssjefen


Publisert: 17.06.2016 12:40
Sist endret: 01.07.2016 07:30
Rådhus

Besøksadresse:

Foldnesvegen 1
5354 Straume

Posadresse:

Postboks 184
5342 Straume

Telefon: 55 09 60 00