Facebook ikon Twitter logo Print side

Fagredalen sør – Skålvika

Godkjent detaljregulering for Fagredalen sør på gnr. 15/221 m. fl. – Skålvika (planid:20130005)

I samsvar med reglane i plan- og bygningslova vert det med dette kunngjort at kommunestyret har vedteke følgjande reguleringsplan:

Detaljregulering for Fagredalen sør på gnr. 15/221 m. fl. – Skålvika (planid:20130005)

Planområdet er på om lag 27 dekar, og er lokalisert på Skålvika. Planen opnar for å fortetta i eksisterande bustadområde med konsentrert småhusbusetnad med variasjon i storleik og form. Det vert lagt til rette for oppføring av 41 nye bustadeiningar, leikeplassar, grøntareal, stiar, vegar, parkering og utbetring av eksisterande veg.

Dokument:

Planen kan ein sjå i Servicetorget i Rådhuset.Vedtaket kan påklagast til Fylkesmannen i Hordaland av den som er part i saka eller har rettsleg klageinteresse.

Klagefristen er 3 - tre - veker frå denne kunngjeringa. Klagen bør grunngjevast.

Eventuell klage vert å senda:
Fjell kommune, Plan- og utbyggingssjefen, Postboks 184, 5342 Straume.

Elektronisk skjema

Når det gjeld verknaden av godkjend reguleringsplan, vert det vist til § 12-4 i plan- og bygningslova. Planen er bindande for alle arbeid eller tiltak som vert sett i verk innanfor planområdet. Krav om erstatning eller innløysing etter plan- og bygningslova §§ 15-2 og 15-3 må vera sett fram seinast 3 - tre - år etter denne kunngjeringa.

Det vert gjort merksam på reglane for innløysing, slik dei er fastsett i plan- og bygningslova § 15-3. Dette inneber m.a. at grunn kan krevjast innløyst. For fullstendig oversikt over reglane viser ein til plan- og bygningslova. Ein kan og venda seg til kommunen for utfyllande informasjon.


Publisert: 03.01.2017 05:00
Sist endret: 23.12.2016 12:35